Fiskeskøyten som ble badebåt

I havnen i Tromsø ligger den gamle fiskebåten MS Vulkana, som en av de få tradisjonelle trebåtene vi har igjen fra 1900-tallet. Her får du en historie av hvordan Fiskeskøyta "Viga" ble badebåt i Tromsø. 

Fiskeskøyta  «Viga» blei bygd av Karstein Brekne og hans folk på Borhaug på Lista vinteren 1957 for  den kjende Ryfylke-fiskaren Mikal Viga og sønnene Odd og Malvin, frå Hundsnes i Hjelmeland. Skøyta var på 70 fot.

Den nye «Viga» erstatta den gamle skøyta  «Margit». Maskinen, ein June-Munktell på 150 HK, blei flytta over frå «Margit» til «Viga». Den nye skøyta kom på 150.000 kroner. Aluminiumsoverbygget, styrehus og bysse, kom i tillegg. Det blei laga på Jøsenfjord Rutelag sitt verksted på Buøy i Stavanger.

Med den gamle maskinen blei ikkje farten større enn åtte knop. Seinare blei det sett inn ein Caterpillar maskin på 325 HK. Då blei marsjfarten 10 knop.

Frå våren 1957 blei «Viga» brukt å fiska brisling, storsild, Nordsjø-sild og makrell. Men på 1960-talet slo sildefisket totalt feil. Det enda med at storsilda blei freda. I åra som kom var det mange fiskeskøyter som blei kondemnert og senka på djupt vatn. Viga-karane ville ikkje gi opp. Dei dreiv vidare og jakta på dei fiskeslaga som det var råd å finna. Dei dreiv med sildfiska både i Nordsjøen og på norskekysten. Seinare var dei til og med på juksafiske på Finnmarka.

Odd og Malvin Viga slutta av fisket i 1972 og selde «Viga». Kjøparane kom frå Fredrikstad og gav skøyta navne «Bastviken». Planen var å driva med sildefiske i Skagerak. Men det varte ikkje lenge før fiskeskøyta frå Hjelmeland enda i Nord-Norge.

Leif Andersen frå Reine i Lofoten kalla fartyet «Leif jr.». Han dreiv med tradisjonelt fiske, men brukte også båten til småkvalfangst på sommarstid.

Leif Andersen selde båten til nye eigarar i Henningsvær i Lofoten. Dei gav skøyta navnet «Heimøybas». Den tidlegare eigaren skal seinare ha sagt at dette er den beste båten han har hatt.  Frå Lofoten gjekk ferda til Vesterålen og Andenes. Der blei navnet «Ofsen».

I Nord-Norge blei tidlegare «Viga» ombygd og fekk tverr akterende. Caterpilla-maskinen blei erstatta av ein 400 HK av same merke.

I 2007 låg den gamle fiskeskøyta på Senja og song på siste verset. Der blei den oppdaga av to eventyrarar som var på jakt etter ein båt dei kunne bruka til fiske og badeaktiviteter.

Om fotografiet med sildenot:  
Fiskarane om bord i «Viga» har kava på sidan grålysinga i Høgsfjorden. Dei har kasta og fått ein fin brislingfangst ytterst i Frafjord-kjeften. Medan dei arbeider med å få brislingen i lås, kjem ein hurtiggåande plastbåt rennande. Det er Aftenbladet sin legendariske pressefotograf, Harald Sem, og ein skrivande journalist som vil vita korleis fisket har gått og skal ha litt opplysningar til ein reportasje i dagens Stavanger Aftenblad.

Fotografiet til høyre er fra den tiden båten het Ofsen og holdt til i Andenes. Fotograf: Svein Frode, Kilde: https://andoybilder.wordpress....

Jone Laugaland

Historien er hentet fra Jonebloggen. Skrevert av den pensjonerte Aftenblad-journalist Jone Laugaland.  Fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.